Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

Samla helse- og ingeniørstudentar til nyskapning

Førre veke samla UiA Nyskaping studentar frå helse- og ingeniørfag. Målet var å skapa løysingar på dagens helseutfordringar.

Biletet viser studentane Herman Kure, Sangavi Kumara Gurunathan, Kaja Viddal-Eide og Andreas Ulvig.
Fra venstre: Herman Kure, Sangavi Kumara Gurunathan, Kaja Viddal-Eide og Andreas Ulvig.

– Dette er studentar som vanlegvis ikkje møtest for å snakka fag. Men helsefag-studentar sit med mykje erfaring og innsikt frå helsesektoren, og ingeniør-studentane er gode på problemløysing. Saman kan dette bli dynamitt, seier Kristoffer Liland.

Han er inkubatorleiar ved UiA Nyskaping, og står for organiseringa av «E-health Hackathon», som vart arrangert frå 3.-5. november.

Fem oppgåver

Eit hackathon er ein idékonkurranse, der du på kort tid skal laga og presentera ei løysing. Temaet for dette hackathonet var korleis teknologi kan brukast i helsesektoren. Arrangementet var et samarbeid mellom UiA Nyskaping, Bærekraftsfestivalen, Senter for E-Helse, Fakultet for teknologi og realfag og Fakultet for helse- og idrettsvitskap. Fire lag kunne velja mellom å løysa fem ulike oppgåver:

  • Nye digitale verktøy til frivillige og pårørande
  • Korleis kan ein heim vere eit hjelpemiddel i seg sjølv?
  • Gjere livet lettare for personar med funksjonsnedsetjing
  • Forbetring av sjukehus
  • Forbetring av eldreheimar
Biletet viser logoen til arrangementet.

E-health Hackathon vart arrangert frå 3.-5. november.

Cutters for legevakt

– Laget vårt prøver å laga eit nytt køsystem for legevakter. Avisene har av og til artiklar om folk som må venta ovlenge før dei får tid hos legevakta, og det er eit klart potensiale for å finna ei betre løysing her, seier kunstig intelligens-student Andreas Ulvig.

Dei jobba med ei løysing for betre kommunikasjon mellom pasientar og legevakt.

– Me har andre system i dag som kan gi deg eit tidsestimat på når det er din tur, slik som hos frisørkjeda Cutters. Me har teke den ideen vidare til legevakta, seier Ulvig.

Biologi-student Kaja Viddal-Eide var på same lag.

– Dette er veldig gøy å vera med på. Eg har sjølv sete lenge i kø på legevakta, så det er definitivt eit behov for å gjera noko med dette, seier ho.

Vann med vest

Konkurransen starta torsdag kveld, og laurdag ettermiddag skulle alle fire laga presentera ideane sine. Både forretningsideen og produktet vart presentert.

– Laga som vann presenterte ein vest med sensorar som kan vibrera. Denne kan gjera det mogleg for svaksynte å bevega seg på måtar som elles er utfordrande, slik som jogging eller løp, seier Kristoffer Liland.

Vinnarpremien var 5000 kroner og to månaders plass ved helseinkubatoren Aleap i Forskningsparken i Oslo.

– Me arrangerer to hackathons i året, og neste blir til våren. Me oppmodar alle interesserte til å bli med, for dette gir mange ei ny innsikt i eige og fagområda til andre. Dette viser kvifor tverrfaglighet er så viktig, seier Liland.