Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Traume og litteratur

Sjølv om traume er eit omgrep som skaper diskusjon, argumenterer denne avhandlinga for at det er eit sentralt omgrep, som maktar å seie noko om dei formene for smerte og liding som ikkje er synleg som fysiske sår eller skadar. Nettopp difor er det viktig å halde fram med å bruke, men også kritisk drøfte, dette omgrepet, og her kan litteraturvitskap bidrage i samspel med andre fagfelt.

Irene Hareide

Ph.d.-kandidat

Irene Hareide ved Fakultet for humaniora og pedagogikk disputerer for ph.d.-graden med avhandlinga "Vondt, valdsamt, vedvarande. Teoretiske perspektiv på traume og traumelitteratur og litterære analyser i Herbjørg Wassmos Huset med den blinde glassveranda, Per Pettersons i kjølvannet og Brit Bildøens Sju dagar i august".

Ho har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedaogikk ved UiA, med spesialisering i litteraturvitskap.

Slik samanfattar Irene Hareide avhandlinga:

Traume og litteratur

Traumelitterær forsking er orientert mot traume som fenomen og språkleg omgrep, og mot litterære framstillingar av ulike traumatiske erfaringar, både kollektive og individuelle. Ein spør korleis ulike former for traume utfordrar språket og korleis litteratur kan gi uttrykk for ein slik tematikk. Fagfeltet har vore prega av ei rask teoretisk utvikling dei seinare åra, og det er prega av kritisk diskusjon, der det er mogleg å hevde ulike teoretiske syn.

Denne avhandlinga følgjer eit dobbelt spor. Den teoretiske delen søkjer å drøfte traumeomgrepet, ulike syn på spørsmål som gjeld forholdet mellom traume, språk og litteratur, og å reflektere over kva betydning kulturell kontekst har for korleis traume blir forstått og fortolka. I denne delen argumenterer avhandlinga for å ta i bruk ein fleksibel definisjon av traume, for å inkludere eit estetisk mangfald, og for å ta omsyn til den kulturelle konteksten i litteraturvitskapleg arbeid med traume og traumelitterære tekstar. Denne argumentasjonen utgjer det teoretiske grunnlaget for den traumelitterære lesemåten som blir utvikla i avhandlinga og som blir brukt i den andre delen, der tre romanar blir analysert; Herbjørg Wassmos Huset med den blinde glassveranda, Per Pettersons I kjølvannet og Brit Bildøens Sju dagar i august.  

Romanane tematiserer tre ulike historiske hendingar – den tyske okkupasjonen av Noreg (1940-1945), brannen om bord på Scandinavian Star (1990) og terroråtaket på Oslo og Utøya (2011) – som lar seg definere som kollektive traume. Det er den litterære framstillinga av ulike traume, både individuelle og kollektive, som er hovudfokuset i analysane. Lesemåten opnar for å sjå på verknaden av kollektive traume og korleis dette er knytt til andre traume, på ulikt vis, i kvar romantekst.

Kvar roman har sitt særmerkte estetiske uttrykk, men felles er at dei utfordrar teoriar om at traume alltid unndreg seg det medvitne minnet og difor også språket. Analysane legg vekt på korleis biletspråk, motiv og metaforar inngår i ein traumelitterær estetikk som ikkje er fullstendig fragmentert, men prega av ei dobbel rørsle, der visse element skaper samanheng medan andre fragmenterer. I forlenging av kvar romananalyse drøftar avhandlinga korleis litteratur kan skape litterære fortolkingar av historiske hendingar, som ein krig, ein katastrofe og eit terroråtak, og den argumenterer for at romanane, kvar på sin måte, utfordrar etablerte kulturelle fortolkingar av desse hendingane.

Sjølv om traume er eit omgrep som skaper diskusjon, argumenterer denne avhandlinga for at det er eit sentralt omgrep, som maktar å seie noko om dei formene for smerte og liding som ikkje er synleg som fysiske sår eller skadar. Nettopp difor er det viktig å halde fram med å bruke, men også kritisk drøfte, dette omgrepet, og her kan litteraturvitskap bidrage i samspel med andre fagfelt. Avhandlinga viser også korleis litteratur, som dei tre romanane i utvalet mitt, kan utfordre vår omgrepslege og teoretiske forståing av traume, så vel som rådande kulturelle fortolkingar av krig, katastrofar og terror som ligg i fortida.

Disputasfakta:

Sted: UiA, campus Kristiansand. Rom B 1 001 / digitalt.

Prøveforelesning startar kl. 10.00, torsdag 2. mars.

Disputas startar kl. 12.00, torsdag 2. mars.

Oppgitt emne for prøveforelesning: "Traumebegrepets potensial i norsk litteraturvitenskap: Johan Harstads drama Osv. og Helga Flatlands roman Bli hvis du kan. Reis hvis du må."

Tittel på avhandling: "Vondt, valdsamt, vedvarande. Teoretiske perspektiv på traume og traumelitteratur og litterære analyser i Herbjørg Wassmos Huset med den blinde glassveranda, Per Pettersons i kjølvannet og Brit Bildøens Sju dagar i august".

Om kandidaten: Irene Hareide (fødd 1980 i Stavanger, oppvaksen i Ulsteinvik) har bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap spesialisering i nordisk frå 2003 og mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen frå 2006. Tittel på masteroppgåva: «Hun følger et blått og ensomt spor». Natur som inntrykk og uttrykk i Cora Sandels Alberte-trilogi.

Her kan du lese avhandlinga.

Bedømmelseskomité:

Slik følgjer du disputasen digitalt:

Disputasen er open for alle, men for å følgje prøveforelesning og disputas digitalt, må du melde deg som publikum på denne lenkja.

Du loggar deg på tidlegast 10 minutter før oppgitt tid - det vil seie til prøveforelesninga kl. 09:50 og disputasen tidlegast kl. 11:50. Etter dette kan du når som helst forlate og komme inn igjen i disputasen.

Mikrofon og kamera skal vere avslått under heile arrangementet. Det vel du nede til venstre i biletet når du er i Zoom. Vi tilrår å velje «Speaker view». Dette vel du oppe til høgre i biletet når du er i Zoom.

Opponent ex auditorio:

Disputasleiar inviterer til spørsmål ex auditorio  i innleiinga i disputasen. Tidsfrist for å stille spørsmål er seinast i løpet av pausen mellom opponentane. Den som stiller spørsmål bør ha lese avhandlinga. E-post til kontaktpersonen er tilgjengeleg i chat-funksjonen under disputasen, og spørsmål ex auditorio  frå online publikum kan sendast til Lise Moss. Ved spørsmål ex auditorio frå salen vender spørsmålsstillar seg til disputasleiar seinast i pausen mellom opponentane.