Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Tar til gatene med livsviktig teater

UiA og Sammen-senteret i Kristiansand har skapt ein svært verdifull møteplass for medlemmene i Gatelangs scenekompani.

Bilde av Gatelangs scenekompani
Gatelangs scenekompani skal opptre under Assitej-festivalen i Kristiansand i september. Gatene blir kulissar i vandreframsyninga «Du seie eg må koma meg ud». Rollene blir spelt av menneske med lang erfaring i å leve og overleve.

– Gatelangs er ein inkluderande og likestilt arena for dei som har lyst til å skape teater uansett utgangspunkt, seier førsteamanuensis Marianne Nødtvedt Knudsen ved UiAs Institutt for visuelle og sceniske fag.

Gatelangs scenekompani blei starta i fjor haust som eit samarbeid mellom Universitetet i Agder og Sunniva Solheim ved Sammen-senteret i Kristiansand. Teaterprosjektet gir plass under vengen til dei som ønskjer å spele ei ny rolle i eige liv.

Helge Magnus Pedersen frå Hånes blei ein del av Gatelangs gjennom aktivitetsmessa «Fyll dagene» som Kristiansand kommune arrangerer kvart år.

– Eg set stor pris på å skape noko saman med andre. Teater gir glede og samhald, seier han. 

Eit berekraftig fellesskap

Gatelangs scenekompani består av menneske frå alle samfunnslag. Fleire av dei lever livet litt på sida av oss andre: Nokre er på veg tilbake til samfunnet på grunn av rus, soning eller uføre. Andre har utfordringar knytt til helse eller psykiatri. Kompaniet er ei samling av levd liv og livserfaring som ikkje alltid blir verdsett, seier Marianne Nødtvedt Knudsen:

– Viss ein står utanfor samfunnet, er det spesielt viktig å høyre til ein stad og bli utfordra. I Gatelangs finn medlemmene eit fellesskap dei kan vekse inn i.

Ho understrekar at Gatelangs jobbar med kunstnarlege prosessar og at det ikkje er eit terapeutisk tilbod. Prosjektet er ei vidareføring av hennar arbeid med teater i fengsel.

– Gatelangs har blitt det tilbodet eg drøymde om å få til for dei som er ferdig sona, seier Nødtvedt Knudsen. 

Marianne Nødtvedt Knudsen. (Foto: UiA)

Når teater blir livsviktig

No er teaterkompaniet aktuelle med vandreframsyninga «Du seie eg må koma meg ud.» som skal visast under Assitej-festivalen i Kristiansand. Nødtvedt Knudsen er kunstnarleg leiar for framsyninga, som også involverer fleire tilsette og studentar frå det sceniske fagmiljøet på UiA.

Temaet for festivalen i år er «What matters most: livsviktig scenekunst». For fleire av medlemmene i Gatelangs, har rutinane og møteplassen som teateret tilbyr blitt livsviktig.

– For nokre, er Gatelangs eitt av få faste haldepunkt i kvardagen. Teateret blir deira rutine og sosiale omgangskrins, seier Nødtvedt Knudsen.

Assitej kviler under paraplyen til FN for arbeidet med å ta vare på og fremje teaterkunst for barn og unge internasjonalt. 12. – 16. september blir 30-årsjubileet til  festivalen markert på Kilden i Kristiansand. UiA er ein av medlemsorganisasjonane i Assitej.

Kunst som byggjer bru

Medlemmene i Gatelangs har varierande erfaring med scenekunst frå før. I Gatelangs deltar profesjonelle scenekunstnarar og musikarar side om side med heilt vanlege arbeidstakarar og studentar. Kompaniet speglar mangfaldet i samfunnet både i samansetting og uttrykk.  

Nødtvedt Knudsen fortel at teaterprosjektet søkjer å byggje bru over motsetningane som finst mellom menneske og samfunnslag og mellom kunstindustri og frie kunstuttrykk. Derfor er Gatelangs eit viktig prosjekt under UiAs tverrfaglege satsingsområde Kunst i samfunn.

Ved å ta teateret ut i gatene og setje billettprisen til berre éi krone, håpar Nødtvedt Knudsen at Gatelangs kan nå ut til nye publikumsgrupper.

– Framsyninga kan opne dører og gjere teater meir tilgjengeleg for dei som ikkje normalt oppsøkjer ein teatersal, seier ho.  

Fakta om UiA-satsinga Kunst i samfunn

Kunst i samfunn er ei av seks tverrfaglege satsingar på Universitetet i Agder.

Samhandling, nyskaping og synlegheit er viktige nøkkelord for arbeidet med Kunst i samfunn på Fakultet for kunstfag.

Fakultetet skal løfte fram kunsten som eige fagområde og vere eit referansepunkt i diskusjonane rundt kunstens plass i samfunnet. 

Gjennom nyskapande forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid, skal fakultetet delta på og prege arenaer der kunsten blir produsert, diskutert og spelt ut. Fakultetet skal ta ei leiande rolle i kunst- og kulturlivet i regionen, ved å blant anna reise spørsmål om korleis kunst kan nå ut til nye publikumsgrupper og nye arenaer. 

Gir meistring og samhald

Gjengen i Gatelangs ser no fram til å spele for eit større publikum på heimebane under Assitej-festivalen.  

John Erland Åstrøm blei ein del av scenekompaniet i februar i år. Det har han ikkje angra på.

– Som døv kan eg ofte kjenne på utanforskap. Men her er eg med. Det er sosialt og vi støttar kvarandre, seier han.

– Dørstokkmila kan vere tyngre enn folk er klar over. Her i Gatelangs kjenner eg meg heime i lag med folk som har vore ute ei vinternatt før, supplerer Simon Didriksen.

Han er opphavleg frå Karmøy, men bur no på Birkeland i Agder. Didriksen fortel at han har kome langt sidan han var innlagt som psykiatrisk pasient i 2015.

– Vi er veldig ulike, men vi veks som menneske av at vi klarer å skape dette saman.

Bilde av Simon Didriksen

– Marianne er så dyktig, ho får fram det beste i oss og skaper trygge rammer, seier Simon Didriksen, som har rolla som huspoet i Gatelangs.