Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Meir vekt på tre og trebygging ved UiAs ingeniørutdanning

Tre er eit berekraftig materiale. Bransjen spør stadig om meir kunnskap på feltet. No har UiA auka undervisninga om trebygging og arrangerer ein nasjonal konferanse om tre.

Bildet viser en mann som jobber med tre
Foto: Unsplash

Konferansen Trebyggeri 2023 blir arrangert tysdag 28. november. Den er eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, Fagskolen i Agder og Tre på Agder. 

Så langt har over 250 meldt seg på konferansen. Dei påmelde er kjem frå kommunar, arkitektkontor, skogeigarlag og utbyggjarar. I tillegg kjem fleire studentar frå UIA. 

– Vi frå UiA bidreg til å skape ein arena der vi deler kunnskap om korleis det er mogleg å bruke tre i ulike bygg og konstruksjonar, seier Preben Aanensen.  

Han er universitetslektor ved UIA og jobbar med trekonstruksjonar på ingeniørutdanninga. Lektoren underviser mellom anna studentar som tek ein bachelor i bygg. 

Aanensen seier UiA den siste tida har lagt om delar av undervisninga ved ingeniørutdanninga for bygg.  

– Vi har endra faget ved å leggje til meir undervisning om bruken av tre og trekonstruksjonar, seier Aanensen. 

UiAs universitetslektor Preben Aanensen ser fram til konferansen der ein skal dele erfaringar og kunnskap om bruk av tre. Over 250 har meldt seg på konferansen Trebyggeri 2023 som blir arrangert tysdag 28. november.

Meir tre-undervisning for studentane

Meir tre på pensum ved UiA kjem mellom anna av at det er etterlyst meir kunnskap om det. Entreprenørar, byggherrar og andre har etterlyst meir kompetanse om korleis tre kan brukast. 

Blant spørsmåla dei vil ha svar på, er desse: Kva fordel gir bruk av tre? Korleis kan vi halde ved like konstruksjonar i tre? Og er det berekraftig? 

– At tre er berekraftig, er ein av hovudgrunnane til at det blir etterspurt meir kunnskap på feltet. Trebygging samsvarer med FNs berekraftsmål. Dessutan har regeringa i hurdalsplattforma fremja bruk av tre i bygg, seier Aanensen. 

Han minner også om at UiA forskar på bruk av tre. Mellom anna arbeider tre stipendiatar med temaet.

Ein av stipendiatane ser på bakteriefloraen på tre og trekonstruksjonar i eit hygiene- og helseperspektiv. Ein annan studerer overflata og eigenskapane til treet når det gjeld fukthandtering. Den tredje forskar på innelufta i trebygg. 

Deler kunnskap og erfaringar

Aanensen ser fram til å samle bransjen og dele erfaringar og kunnskap trebyggeri.   

– Eg ser også fram til å høyre kva større utbyggjarar seier. Dei har erfaring med økonomi og gjennomføring av store prosjekt der tre har hatt hovudrolla. Deling av erfaringar og kunnskap er målet med konferansen, seier han. 

Undervegs kan deltakarane også velje å fordjupe seg i moderne bruk av tre og dei mangfaldige bruksområda til dette naturlege materialet. 

Nye prosjekt og berekraftig bruk av skogressursane blir også tematisert på konferansen. Det same blir gjenbruk. Dessutan blir det også tid til ei innføring i robotisering frå Mechatronics Innovation Lab (MIL) og testprøving av trematerial i laboratorium.

Konferansen Trebyggjeri 2023

Konferansen Trebyggeri 2023 blir arrangert tysdag 28. november klokka 08.00-16.00. Den startar ved UiA, Campus Grimstad og held fram ved Fagskolen i Agder, rett ved sida av universitetet.