Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

UiA får 5 millionar til å omskolere ingeniørar til havvind

Regjeringa gir 5,1 millionar kroner til UiA og eit nytt vidareutdanningstilbod for ingeniørar som vil skolere seg til havvind. 

Illustrasjon av vindmøller til havs
Frå januar 2024 kan ingeniørar frå oljenæringa omskolere seg i havvindteknologi på UiA (Illustrasjon: Istockphoto.com).

– Vi er veldig nøgde med å ha landa dette. Det er viktig å møte behova i arbeidslivet og leggje til rette for påfyll av kompetanse og utvikling for industribedrifter i heile Noreg, seier Geir Grasmo, professor ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA. 

Grasmo leier UiAs teknologiske havenergisatsing. Ein viktig del av satsinga blir tilbodet om vidareutdanning i havvindteknologi for ingeniørar i industribedrifter i heile Noreg. 

Geir Grasmo er professor på UiAs Institutt for ingeniørvitskap på Fakultet for teknologi og realfag.

Geir Grasmo er professor på UiAs Institutt for ingeniørvitskap på Fakultet for teknologi og realfag.

– Det meste av undervisinga blir heldt digitalt. Slik blir tilbodet tilgjengeleg for alle i Noreg, seier Grasmo. 

Frå før er det kjent at UiA skal opprette tilbod for mastergrad innan havvind frå hausten 2024.  

I ei pressemelding frå regjeringa understrekar dei behovet for etterutdanning og ny kompetanse. 

– Tilsette og bedrifter skal få den oppdaterte kunnskapen dei treng. Målet er at tilsette og ledige i industrien skal få kompetanse til å meistre nye oppgåver og dermed være attraktive i jobben, seier Grasmo. 

Gratis tilbod

Studietilbodet er på 30 studiepoeng og blir gjennomført på deltid. Studiet blir gratis for tilsette og bedriftene dei jobbar i. 

Fakultet for teknologi og realfag ved UiA leiar prosjektet, men har også med seg Fakultet for samfunnsvitskap og Handelshøgskulen ved UiA i delar av undervisinga. 

Professor Sathyajith Mathew frå Fakultet for teknologi og realfag er prosjektleiar for videreutdanninga. Han fortel at mesteparten av studiet handlar om havvindteknologi, men tema innan sosialøkonomiske, miljømessige og juridiske aspekt også blir dekka. 

Professor Sathyajith Mathew frå Institutt for ingeniørvitskap på UiA er prosjektleiar for videreutdanninga med namnet FLOW (Flexible Learning for Offshore Wind).

Professor Sathyajith Mathew frå Institutt for ingeniørvitskap på UiA er prosjektleiar for videreutdanninga med namnet FLOW (Flexible Learning for Offshore Wind).

– I tillegg skal UiAs Senter for havforsking (CCR) mellom anna sei noko om korleis satsinga på havvind påverkar livet i havet, seier Mathew.

Studiet skal innehalde fire hovudmodular. Den første tek føre seg grunnprinsippa med vindenergi. Den andre ser på konstruksjonane for produksjon av energi frå  havvind. Den tredje teke føre seg planlegging, design  og utvikling av offshore vindprosjekt, mens den fjerde handlar om drift og leiing av prosjekta.  

Starten for første kull er i januar 2024. 

Utvikla saman med industrien

Studietilbodet blir utvikla og gjennomført i tett samarbeid med industripartnarar som Equinor, GOT Norway og GCE NODE. Andre spesialistar frå industrien, høgskular og universitet blir også involverte i undervisning av mindre delar av studieporteføljen.

– Vi går inn i dette tverrfagleg for at studentane våre skal få det beste opplegget. Vi skal alle bidra med det vi er best på. Med næringslivet og andre institusjonar på laget utviklar vi framtidas kunnskap innan havvindteknologi, seier Mathew.