Mat og helse er faget som færrast lærarar har utdanning i. No opnar Universitetet i Agder for at dei kan kombinere emnet Mat og helse 2 med ein heiltidsjobb.
– Det kan vere vanskeleg å setje jobben på vent i ein periode medan ein tek etter- og vidareutdanning. Vi ville gjere det meir fleksibelt for lærarar som ønskjer meir utdanning i faget mat og helse, seier førsteamanuensis Margrethe Røed.
Saman med førstelektor Vigdis Guttormsen har ho laga ein modell som gjer at lærarar kan ta mat og helse 2 på Universitetet i Agder (UiA), saman med grunnskulelærarstudentane.
For lærarane vil studiet bestå av tre todagers samlingar med obligatorisk frammøte kvart semester, kombinert med digital undervisning og oppgåver som skal gjerast heime.
– Ved at studentane får undervisning på campus blir dei obligatoriske dagane lengre, men det blir færre av dei, seier Guttormsen.
Norske lærarar har lite formell utdanning i mat og helse-faget. Ein rapport frå SSB viser at over halvparten av lærarane som underviser i mat og helse, ikkje har studiepoeng i faget.
– Vi har mange søkjarar på Mat og helse 1. Det er også mange lærarar ute i skulen som ønskjer å studere Mat og helse 2, men det finst få etter- og vidareutdanningstilbod for dei, seier Røed.
For å ta ei master i mat og helse krevst det at lærarar har både Mat og helse 1 og 2.
Mat og helse 2 består av to delar. Studentane kan velje å ta begge emna same semester, eller dele det opp. Det er også mogleg å berre ta eitt av emna.
Halvparten av mat og helse-faget består av emna mat og entreprenørskap. Dette var grunnen til at Jorunn F. Skjelin og Julie Øberg tok studiet i fjor. Dei kombinerte det med lærarjobb på høvesvis Tindlund og Rygge ungdomsskule.
– Gjennom studiet skapte vi ei studentbedrift som laga tverrfaglege undervisningsopplegg med mat og helse i fokus. Vi fekk kontrakt med Cappelen Damm for å bidra til det tverrfaglege prosjektet Skolereisen, seier Skjelin.
Dei to tok studiet for å fordjupe seg meir i korleis entreprenørskap kan bidra til læring. Dei opplevde at studiet samsvarte mykje med deira eigne tankar rundt undervisning, og ville bruke det som inspirasjon i yrket.
– Studiet levde opp til forventningane. Det var ein god rettleiar, inspirerande tema, og konkrete arbeidsmetodar som kan knytast direkte til skulen. Det at vi opplevde å sjølv starte, drive og avslutte ei bedrift, gjorde studiet røyndomsnært, seier Øberg.
Meir fleksible studiar står på ønskjelista til både politikarar og studentar. UiAs løysing i mat og helsefaget viser at dette ikkje nødvendigvis treng å bety nettbaserte tilbod.
– Det er flott at vi no prøver ut nye måtar å gjere emne og studietilbod tilgjengelege for fleire, seier viserektor for utdanning ved UiA, Hilde Inntjore.
Ho er imponert over måten Mat og helse 2 kombinerer samlingar, digital undervisning og arbeid mellom samlingar, og også korleis emnet blandar studentar og yrkesaktive i det same tilbodet.
– Det er gøy å høyre at mat og helse har positive erfaringar med dette, seier Inntjore.
Røed merkar seg at det gir fleire gode effektar ved å la eksterne studentar ta undervisning saman med grunnskulelærarstudentane.
– Lærarane tek med seg erfaringar frå praksisfeltet som studentane enno har til gode å oppleve, og studentane tek med seg kompetansen sin på digitale verktøy og oppgåveskriving, seier ho.
Dette tilbodet i Mat og helse 2 er ikkje eit etter- og vidareutdanningstilbod. Deltakarane betaler berre vanleg studieavgift, i tillegg til kostpengar og eigne kostnader knytt til å delta på samlingane.
– Dette er ikkje ei prøveordning. Dette er noko vi skal halde fram med. Det er viktig i samband med livslang læring at vi omstiller oss etter behov, seier Røed.