Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

VR i vernepleie: – Som å vera i rommet

Før vernepleie-studentane skal ut i praksis får dei kjenna på kva som ventar dei ved hjelp av virtuell røyndom.

Bildet visar ein student med VR-briller på.
Vernepleiestudent Karoline Tønseth fekk prøva ut virtuell røyndom i undervisninga. Foto: UiA

– Me var plutseleg midt i situasjonen, i staden for å lesa om han. Ansiktsuttrykk og kroppsspråk kan fortelja deg mykje som det er vanskeleg å sjå på papiret. Det var som å vera i rommet det gjekk føre seg i, seier Karoline Tønseth.

Ho studerer vernepleie ved Universitetet i Agders (UiA) Campus Grimstad. Undervisarar ved studiet tok i bruk VR-teknologi for første gong i fjor, for å gi studentane betre innsikt i kva slags etiske val ein vernepleiar tek i kvardagen.

Gråsona

Gjennom VR-brillene får studentane stå inne i ein leilegheit i eit bufellesskap. Ein av bebuarane, ein mann med Downs syndrom, skal på jobb. Taxien står og ventar på han utanfor, men bebuaren vil ikkje på jobb. Ein nytilsett prøver på ulike vis å få bebuaren til å gå på jobb.

– Vernepleiarar opererer ofte i ei gråsone. Dei har klare reglar for kva som utgjer bruk av tvang, men det er mykje uformell tvang som kan gjerast utan noko vedtak, seier universitetslektor Marianne Hovet Steig.

I scenarioet er det retten til sjølvråderett som blir påverka. Personar med nedsett funksjonsevne har rett til å ta eigne val, som alle andre. Dette gjeld også retten til å ta dårlege val.

Bildet viser ein vernepleier som prøver å få ein mann med Downs syndrom til å gå på jobb.

I VR-scenariet prøver ein nytilsett vernepleiar å få ein mann med Downs syndrom til å gå på jobb. Foto: Kristiansand kommune

Sjølvråderett

Uformell tvang og insisterande praksis er to måtar som vernepleiarar bruker for å få gjennomført aktivitetar eller handlingar som mottakaren i utgangspunktet ikkje ønskjer. Dette er som regel godt meint, som å overtala nokon til å pussa tenner og liknande, men køyrer likevel over retten til sjølvråderett.

– For å få bygd opp kompetansen til å ta val, må ein også kunna velja. I dette scenarioet er det i tillegg ein pressa situasjon for vernepleiaren. Taxien står der jo, personen er nytilsett, og dette skal jo berre gå som vanleg. Men så gjer det ikkje det, seier Hovet Steig.

Bildet viser universitetslektorane Mugula Chris Safari og Marianne Hovet Steig.

Universitetslektor Mugula Chris Safari og universitetslektor Marianne Hovet Steig har fått gode tilbakemeldingar på bruken av VR i undervisninga. Foto: UiA

– Veldig relevant

Universitetslektor Mugula Chris Safari er også med på VR-undervisninga. Han har nyleg fullført ei doktorgrad om utviklingshemming og ny teknologi.

– Etter at studentane har fått opplevd scenarioet går dei vidare til refleksjon i grupper. VR-teknologien gjer situasjonen meir levande for dei, og viser tydelegare kva dei kan møta på i praksis. Me har fått tilbakemeldingar på at dette fungerer bra, seier Safari.

Han skryt av gode fasilitet for undervisninga i Senter for e-helses XR-lab, og takker Kristiansand kommune, som har laga VR-filmen, for at dei fekk lov til å bruka den i undervisninga.

Student Kaja Jerdal synest VR-bruken fungerte godt til etisk refleksjon.

– Eg skal sjølv ut i praksis i ein bufellesskap snart, så denne kunnskapen er veldig relevant. Det heile blir meir ekte og tett på ved bruk av VR, seier ho.