Torunn A. Ask er sosionom og cand.polit. med hovudfag i sosialt arbeid frå NTNU (2000).
Ho har arbeidserfaring frå kriminalomsorg og frå kommunalt barnevern. Frå 1996 - 2023 har ho vore tilsett ved Universitetet i Agder (tidlegare Høgskulen i Agder) og er no dosent emerita tilknytta institutt for sosiologi og sosialt arbeid. Undervisnings- og forskingsinteresser er m.a. tverrprofesjonell samarbeidslæring i utdanning, tverrprofesjonelt samarbeid med og rundt lavinntektsfamiliar med samansette problem, minoritetsperspektiv i sosialt arbeid og barnevern.
Prosjekt:
Forskar i utviklings- og følgeforskingsprosjektet "Utvikling av tiltak for å avhjelpe barnefattigdom" (saman med Solveig Sagatun). Prosjektet er i samarbeid med Nav-Kristiansand og barneverntenesta i Kristiansand kommune (tidsperspektiv: 2012- 2015).
Koordinator for mentorordninga Nattergalen, www.uia.no/nattergalen(2008- )
Leiar av delprosjektet «Sosialt arbeid i et flerkulturelt samfunn» som del av HUSK-Agder (HUSK=Høgskole- og universitetssosialkontor) (2007-2011).
Publiseringar:
Berg, Berit og Torunn A. Ask (red.), 2011: Minoritetsperspektiver i sosialt arbeid. Universitetsforlaget.
Ask, Torunn, 2004: Barnehage og barnevern - samarbeid til barnets beste? I: Horrigmo, Kirsten Johansen og Børre Nylehn: Samfunnsfaglige perspektiver på barnehagen.Fagbokforlaget.
Sist endret: 8.11.2023 12:11