Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Klør du deg i hovudet når du les noko frå helsesektoren? No skal det bli enklare

UiAs førstelektor Grete Lund Vabo tek til orde for eit meir forståeleg og felles språk i helsevesenet.

Kvinne i stol som leser
Skjønnar du lite av kva som står i pasientjournalen din? Snart slepper du hovudbryet. Foto: Colourbox

– Før skreiv me alt for hand, og omgrep vart brukte på ulike måtar. No registrerer me helsehjelpa digitalt, og då er det viktig at me er meir systematiske, seier Grete Lund Vabo.

Vabo er førstelektor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved Universitetet i Agder (UiA). I store delar av yrkeskarrieren sin har ho vore oppteken av korleis helsepersonell dokumenterer jobben dei gjer. Ho har også teke til orde for at tilsette i helsesektoren bør bruka omgrep på same måte.

Resultatet er boka Dokumentasjon av helsehjelp, som skal rettleia helsearbeidarar om temaet.

Enklare for alle

I helsesektoren blir det brukt mange fagord som pasientar kan ha vanskeleg for å forstå. Vabo meiner at pasientar alltid bør ha høve til å forstå kva som står i deira eigen journal.

Førstelektor Grete Lund Vabo ved Universitetet i Agder

Førstelektor Grete Lund Vabo er oppteken av det nasjonale arbeidet om eit felles helsespråk. Den nye boka hennar skal rettleia helsearbeidarar om temaet. Foto: Damares Stenbakk

Regjeringa jobbar no med å betra språket som blir brukt av alle fagfolk i helsevesenet, og Direktoratet for e-helse leier arbeidet med å etablera eit felles språk.

– Det vil gjera helseinformasjon forståeleg for alle. Det vil også gjera det lettare å bruka i forsking, seier Vabo.

Slik fungerer det

Kristin Garriott tek ei mastergrad i omsetjing og fagspråkleg kommunikasjon ved UiA. Ved sida av studiane jobbar ho med å betre språket som blir brukt i helsevesenet. Ho forklarer korleis det heile vil fungera:

– Når me loggar oss inn på helsenoreg.no eller andre pasientportalar, skal programvara på sikt omsetja språket som blir brukt av fagpersonar, på ein måte som gjer at me som pasientar forstår det, seier ho.

I dag skal alle helseopplysningar eigentleg følga pasienten gjennom heile behandlinga, men det skjer ikkje alltid.

– Viss du til dømes tek ei blodprøve hos fastlegen for ei undersøking og blir vist til spesialhelsetenesta, kan det henda du må ta den same blodprøva igjen fordi systema ikkje forstår kvarandre, seier Garriott.

Store økonomiske gevinstar

Ord vekker ulike kjensler, assosiasjonar og minne i oss.

– For dei som har ein familiemedlem med uhelbredeleg sjukdom, kan «palliasjon» vera eit skremmande ord som blir assosiert med slutten av livet. Mens ordet lindring, som betyr det same, ikkje er like vondt å høyra, seier Kristin Garriott.

Grete Lund Vabo og Kristin Garriott

Grete Lund Vabo og Kristin Garriott meiner at å bruka eit enklare språk i helsearbeidet har fordelar for både innbyggarar og det offentlege. Foto: Damares Stenbakk

Språk er makt. Men kvifor skal me redusera maktforskjellen mellom helsepersonell med høg utdanning og pasientar? Garriott forklarer:

– Det handlar om tillit. Og det fører til mindre uvisse hos pasienten og hjelper dei å ta ei meir aktiv rolle i si eiga helse.

Eit klarare språk kan faktisk spara norske kommunar for store summar, ifølge ein rapport frå Menon Economics. Førebels er det ikkje forska på nøyaktig kor mykje den norske staten vil spara ved å forenkla helsespråket. Basert på fordelane, vil det gi store økonomiske gevinstar.

–  Det vil føra til færre timebestillingar, telefonførespurnader og inkassokrav på grunn av misforståingar. Både pasienten og helsepersonell sparer tid og pengar fordi det blir færre bekymringar, seier Garriott.