Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Let lærarar ta mat og helse på deltid

Mat og helse er faget som færrast lærarar har utdanning i. No opnar Universitetet i Agder for at dei kan kombinere emnet Mat og helse 2 med ein heiltidsjobb.

Foto, nærbilde av hender som renser en avokado.
Mat og helse 2 kombinerer samlingar, digital undervisning og arbeid mellom samlingar, og emnet blandar studentar og yrkesaktive i det same tilbodet (Illustrasjonsfoto: Jon Petter Thorsen)

– Det kan vere vanskeleg å setje jobben på vent i ein periode medan ein tek etter- og vidareutdanning. Vi ville gjere det meir fleksibelt for lærarar som ønskjer meir utdanning i faget mat og helse, seier førsteamanuensis Margrethe Røed.

Saman med førstelektor Vigdis Guttormsen har ho laga ein modell som gjer at lærarar kan ta mat og helse 2 på Universitetet i Agder (UiA), saman med grunnskulelærarstudentane.

For lærarane vil studiet bestå av tre todagers samlingar med obligatorisk frammøte kvart semester, kombinert med digital undervisning og oppgåver som skal gjerast heime.

– Ved at studentane får undervisning på campus blir dei obligatoriske dagane lengre, men det blir færre av dei, seier Guttormsen.

Foto av Røed og Guttormsen

Førsteamanuensis Margrethe Røed og førstelektor Vigdis Guttormsen frå Institutt for ernæring og folkehelse står bak tilbodet.

Manglar utdanning

Norske lærarar har lite formell utdanning i mat og helse-faget. Ein rapport frå SSB viser at over halvparten av lærarane som underviser i mat og helse, ikkje har studiepoeng i faget.

– Vi har mange søkjarar på Mat og helse 1. Det er også mange lærarar ute i skulen som ønskjer å studere Mat og helse 2, men det finst få etter- og vidareutdanningstilbod for dei, seier Røed.

For å ta ei master i mat og helse krevst det at lærarar har både Mat og helse 1 og 2.

Mat og helse 2 består av to delar. Studentane kan velje å ta begge emna same semester, eller dele det opp. Det er også mogleg å berre ta eitt av emna.

Starta studentbedrift

Halvparten av mat og helse-faget består av emna mat og entreprenørskap. Dette var grunnen til at Jorunn F. Skjelin og Julie Øberg tok studiet i fjor. Dei kombinerte det med lærarjobb på høvesvis Tindlund og Rygge ungdomsskule.

– Gjennom studiet skapte vi ei studentbedrift som laga tverrfaglege undervisningsopplegg med mat og helse i fokus. Vi fekk kontrakt med Cappelen Damm for å bidra til det tverrfaglege prosjektet Skolereisen, seier Skjelin.

Dei to tok studiet for å fordjupe seg meir i korleis entreprenørskap kan bidra til læring. Dei opplevde at studiet samsvarte mykje med deira eigne tankar rundt undervisning, og ville bruke det som inspirasjon i yrket.

– Studiet levde opp til forventningane. Det var ein god rettleiar, inspirerande tema, og konkrete arbeidsmetodar som kan knytast direkte til skulen. Det at vi opplevde å sjølv starte, drive og avslutte ei bedrift, gjorde studiet røyndomsnært, seier Øberg.

Foto av Skjelin og Øberg

Lærarane Jorunn F. Skjelin og Julie Øberg vil bruke studiet som inspirasjon i yrket.

Tommel opp frå viserektor

Meir fleksible studiar står på ønskjelista til både politikarar og studentar. UiAs løysing i mat og helsefaget viser at dette ikkje nødvendigvis treng å bety nettbaserte tilbod.

– Det er flott at vi no prøver ut nye måtar å gjere emne og studietilbod tilgjengelege for fleire, seier viserektor for utdanning ved UiA, Hilde Inntjore.

Ho er imponert over måten Mat og helse 2 kombinerer samlingar, digital undervisning og arbeid mellom samlingar, og også korleis emnet blandar studentar og yrkesaktive i det same tilbodet.

– Det er gøy å høyre at mat og helse har positive erfaringar med dette, seier Inntjore.

Ikkje ei prøveordning

Røed merkar seg at det gir fleire gode effektar ved å la eksterne studentar ta undervisning saman med grunnskulelærarstudentane.

– Lærarane tek med seg erfaringar frå praksisfeltet som studentane enno har til gode å oppleve, og studentane tek med seg kompetansen sin på digitale verktøy og oppgåveskriving, seier ho.

Dette tilbodet i Mat og helse 2 er ikkje eit etter- og vidareutdanningstilbod. Deltakarane betaler berre vanleg studieavgift, i tillegg til kostpengar og eigne kostnader knytt til å delta på samlingane.

– Dette er ikkje ei prøveordning. Dette er noko vi skal halde fram med. Det er viktig i samband med livslang læring at vi omstiller oss etter behov, seier Røed.