Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

– Skal du jobbe i barnehage, må du kunne leike sjølv

Giert Werring var den første mannlege barnehagelærarstudenten på UiA. Der skapte han dokkene Baldrian og Musa, som framleis gler barn og vaksne i regionen.

Foto av Werring med Baldrian & Musa
Werring er kjend for figurteaterframsyningane med Baldrian & Musa. Dei velkjende dokkene laga han første gong i formingstimane på barnehagelærarundervisninga.

– Det første året var det veldig rart å vere den einaste mannen på studiet. Alle sat med strikketøyet sitt, og mennene som starta etter meg sat også med strikketøyet sitt. Eg var ikkje fullt så godt førebudd, seier Giert Werring med ein latter.

I år er det seksti år sidan barnehagelærarutdanninga starta på Sørlandet. Giert Werring var den første mannen som gjekk på studiet, og i denne utgåva av podkasten Menn i barnehagen snakkar han om korleis det var å vere mann og jobbe i barnehage på 1960- og 1970-talet.

Her kan du sjå traileren til episoden:

Werring er kjend for figurteaterframsyningane med Baldrian & Musa. Dei velkjende dokkene laga han første gong i formingstimane på barnehagelærarundervisninga.

– Det var ti år sidan eg hadde teke i ei dokke. Å gjenppdage kontakten med eigen barndom var noko av det finaste med barnehageundervisninga, seier Werring.

Her kan du høyre heile episoden: