Nokre fag kan ha krav om obligatorisk frammøte. For å finne ut kva som gjeld for dine emne, sjå den einskilde emneplan.
Du må ha minimum 80 prosent frammøte i dei profesjonsfaglege samlingane på første og andre år i studiet. Det same gjeld profesjonsfaget (pedagogikk og fagdidaktikk) i 5. og 8. semester.
I praksisperiodane er det krav om 100 prosent frammøte.
Eksamensvilkår
Du må oppfylle dei vilkåra som er satt for å få lov til å ta eksamen i eit emne.
For deg som lektorstudent kan eksamensvilkåra vere knytt til praksis, til fag-obligatorikk eller ein kombinasjon av desse to. I nokre emne er det som nemnt også krav om obligatorisk frammøte. Du finn eksamensvilkåra i emneplanane.
Ansvarlig for siden: Avdeling for lærerutdanning <lu-postSPAMFILTER@uia.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)>