Du må oppfylle dei vilkåra som er satt for å få lov til å ta eksamen i eit emne. I tillegg til kravet om godkjend praksis og frammøte vil det også vere andre vilkår knytt til fag-obligatorikk. For å finne ut kva som gjeld for dine emne, sjå den einskilde emneplanen.
Frammøte
All undervisning på studiet er obligatorisk. For å kunne gå opp til eksamen i eit emne er det krav om minimum 80 % frammøte. Dette blir rekna i kvart emne for seg. Me skil ikkje mellom «gyldig» og «ugyldig» fraver i undervisninga, så du må sjølv sørge for at du oppfyller kravet.
Praksiskrava må til ei kvar tid vere oppfylte for å kunne gå vidare i PPU/PPU-Y studiet.
Studentar på PPU og PPU-Y heiltid må ha bestått første semester for å kunne gå vidare til andre semester i studiet.
Studentar på PPU-Y deltid må ha bestått første studieår for å kunne gå vidare til andre studieår.
Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert om eksamensvilkår og progresjonsreglar og sørge for at du møter desse. Dersom du på eit tidspunkt ser at du ikkje klarer å oppfylle vilkåra for å gå vidare på studiet, ta kontakt med studierettleiar.
Ansvarlig for siden: Avdeling for lærerutdanning <lu-postSPAMFILTER@uia.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)>