Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Oppdatering frå Sindre!

Hugsar du Sindre Svenning som drog på utveksling til Thailand i november? Her er ein liten smakebit på korleis han har det!

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sindre Svenning trives i Thailand. Her saman med Ingolv Haaland.

-Eg trives veldig godt, og koser meg i varmen, seier Svenning. Campus på Universitetet i Mahidol, der eg går, er utruleg flott, seier han. Folk i Thailand er også veldig trivelege, sjølv om ikkje alle snakker like godt engelsk, fortel han. 

Campus på universitetet er svært vakkert.

Sindre går på master i utøvende rytmisk musikk, med laptop som hovudinstrument. -Her i Thailand har dei ikkje så mange kurs for elektroniske musikarar, så eg tek nokon komposisjonstimar istaden, fortel han. Studiane er generelt sett veldig gode, smiler han nøgd.

Vi ønskjer Sindre lykke til vidare med opphaldet, og gleder oss til neste oppdatering!