Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

UiAs musikkmiljø kan bli nasjonal spydspiss for kreativ utdanning

Fagmiljøet ved UiAs Institutt for rytmisk musikk er blant seks utvalde finalistar som tevlar om å bli nytt nasjonalt Senter for framifrå utdanning.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av musikkstudent som jobber ved PC
Snart blir det avgjort kven som får status som nye Senter for framifrå utdanning. Fagmiljøet ved Institutt for rytmisk musikk på UiA hevdar seg heilt i toppen i konkurransen. (Illustrasjonsfoto: UiA)

Det var 28 kandidatar som søkte om status som Senter for framifrå utdanning (SFU) i 2022. Seks av søknadene er med vidare. Blant dei seks finalistane er Institutt for rytmisk musikk ved Fakultet for kunstfag på Universitetet i Agder (UiA). 

Instituttet søkjer SFU-status med prosjektet CreaTeMe, som skal fremje og vidareutvikle kreativ bruk av teknologi i musikkutdanningane. Dekan Marit Wergeland ved Fakultet for kunstfag meiner at finaleplassen er å rekne som ein siger i seg sjølv:

– Eg er svært stolt over at vår søknad er blant dei seks finalistane. Det er ei fantastisk anerkjenning av kompetansen i vårt fagmiljø, seier ho. 

Bilde av dekan Marit Wergeland.

Dekan på Fakultet for kunstfag, Marit Wergeland.

Institusjonsbesøk på trappene

I løpet av september vil ekspertkomiteen som er oppnemnt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) reise på institusjonsbesøk til finalistane. Etter besøka vil komiteen tilrå kven av søkjarane som bør få status som nye Senter for framifrå utdanning. Endeleg tildeling av senter-status skjer innan utgangen av 2022.

Leiar for den internasjonale ekspertkomiteen som vurderer søknadene, professor Rolf Hughes, uttalte til hk-dir.no i juni i år at finalistane har klart å kombinere visjonar med gode og konkrete planar. Fleire av søknadene har nyskapande, tverrfaglege tilnærmingar til viktige problemstillingar.

– Det er ei brei geografisk spreiing av finalistane, som viser at det ikkje berre er i enkelte storbyar at framifrå miljø finst, sa Hughes til HK-dir.no. 

Fakta om SFU

  • Utdanningsmiljø med status som Senter for framifrå utdanning (SFU) kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Ordninga er nasjonal og skal stimulere til framifrå forskingsbasert utdanning.
  • SFU-ordninga gjev Noreg sine fremste utdanningsmiljø ressursar til å vidareutvikle studia sine. Ordninga inneber ein målretta og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning, både på bachelor- og mastergradnivå.
  • Ordninga blei oppretta i 2010 og er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare Diku) har forvalta ordninga sidan 2019. Frå 2020 er det tolv senter med status Senter for framifrå utdanning.
  • Ved Universitetet i Agder har læringsfelleskapet MatRIC SFU-status frå før, for perioden 2013 – 2023. MatRIC arbeider for å styrkje undervisning av matematikk ved universitet og høgskular. 

(Kjelde: diku.no) 

Stor verdi uansett

På Fakultet for kunstfag førebur dekan Wergeland og alle involverte ved Institutt for rytmisk musikk seg no på besøk frå ekspertkomiteen. Wergeland understrekar at arbeidet som alt er lagt ned i SFU-søknaden vil ha stor verdi uansett utfall.

– Det er mykje som ligg til rette for at vårt fagmiljø kan bli eit drivkraftsenter innan kreativ bruk av teknologi i musikkutdanninga både nasjonalt og internasjonalt. Vi skal vidareutvikle miljøet og kompetansen uansett kva som skjer i tildelingsprosessen seinare i år.

Ho peikar også på at instituttet over tid har arbeidd målretta og systematisk med å utfordre eksisterande utdanningsmodellar og å legge til rette for entreprenørskap og studentaktiv læring.

– Instituttet er prega av endringsvilje og engasjement rundt å gi studentane ei framtidsretta utdanning. Dette er særleg viktig når studentane skal ut på ein arbeidsmarknad i stadig endring, der teknologien både utfordrar og gir moglegheiter, seier Wergeland.