Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

AMC2020 – IEEE International Workshop on Advanced Motion Control

75 deltakarar frå 17 land deltok då den internasjonale mekatronikk-konferansen «The IEEE International Workshop on Advanced Motion Control» (AMC2020) blei gjennomført fulldigitalt 14.-16. september. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av mekatronikk maskin

– Konferansen skulle eigentleg bli heldt fysisk på UiA i Kristiansand 20.-22. april, men blei utsatt på grunn av koronasituasjonen. I sommar snudde vi oss om og planla heile konferansen fulldigital i staden for fysisk, seier Michael Ruderman, professor ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA og General Co-Chair av AMC2020. 

Michael Ruderman er professor ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA og General Co-Chair av AMC2020.

Michael Ruderman er professor ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA og General Co-Chair av AMC2020.

Organisert for 16.

AMC2020 er den 16. i ein serie av toårige internasjonale workshops om Advanced Motion Controll. Det heile starta i 1990 i Yokohama i Japan. Sidan har dei samlar eit ungt og entusiastisk forskingsmiljø som har vokse fram rundt teknologiane og applikasjonane for styring av rørsler.

AMC2020 er sponsa av Industrial Electronics Society (IES) i IEEE. Hovudideen er å få fram, peike på og fremme den teoretiske og applikasjonsrelaterte utviklinga i kontrollert styring av system for rørsler og tilhøyrande teknologiar. Tekniske emne omfatta av AMC er:

  • Advanced motion control in mechatroni
  • Compliant and flexible robotics
  • Intelligent and adaptive motion control systems
  • Haptics and robotics in medical applications
  • Hybrid and discrete motion control systems
  • Actuators and sensors in motion control
  • Motion control systems with human-in-the-loop
  • Visual servo systems in motion control
  • Micro- and nano-mechatronic systems and control
  • Related topics involving motion dynamics and control 

Deltakarar frå heile verda

Den digitale konferansen samla 75 registrerte deltakarar frå 17 land. Omkring 48% av forfattarane som sendte inn artiklar til AMC2020 kom frå Japan. I Japan er tradisjonen sterk for tematikken, og den førre konferansen blei heldt i Japan i 2018. Alle AMC2020-innleveringane blei grundig gjennomgått. Dette blei organisert av den tekniske programkomiteen som til slutt aksepterte 81% av dei innleverte artiklane. 

I tillegg til dei ordinære programpostane var AMC2020 vert for fire inviterte føredragshaldarar som heldt tre plenumstalar og ei forelesing om forskingsfronten for avansert styring av rørsler.

Konferansen føregjekk over tre dagar og innebar fleire arrangement, seremoniar og virtuelle turar. 

Dei virtuelle romma i Zoom ga eit interaktivt digitalt podium. 

Alle innspelte workshop-økter er framleis tilgjengeleg for publikum online.