Gå til hovedinnhold

Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.

Her finner du våre nye nettsider

0
Hopp til hovedinnhold

Effektiviserer miljøvenleg oljeproduksjon

Ved utvinning av olje hamnar oljerestar og miljøfarleg avfall i havet om ikkje omfattande reinsing blir utført. Ny miljøvenleg teknologi vil nå effektivisere avfallshandteringa ved utvinning av olje.  

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Rune Husveg som nyleg fullførte si doktorgrad i mekatronikk ved Universitetet i Agder. Han har utvikla eit styresystem for å optimalisere reinseprosessen av avfallsvatn ved utvinning av olje.
Rune Husveg fullførte nyleg si doktorgrad i mekatronikk ved Universitetet i Agder. Han har utvikla eit styresystem for å optimalisere reinseprosessen av avfallsvatn ved utvinning av olje.

– Når olje og gass blir produsert følgjer det med store mengder avfallsvatn, såkalla produsert vatn. Ein viktig del av olje- og gassproduksjonen er difor å skilje ut oljerestar og andre miljøfarlege stoff frå vatnet for å unngå å forureine miljøet. 

Det seier Rune Husveg. Han forsvarte nyleg doktorgraden i mekatronikk ved Universitetet i Agder med avhandlinga “Tracking Maximum Produced Water Treatment Efficiency Using a Variable Speed Coalescing Centrifugal Pump”. 

Husveg har sett på teknologien som reinsar produsert vatn ved utvinning av olje. Han har utvikla eit kontrollsystem som gjer oljedropane enklare å skilje frå det produsert vatnet. Då kan ein raskare hente ut olje, samstundes som ein sparer miljøet for farlege avfallsstoff. 

– Metoden er å hente ut oljedropane når dei er store. Jo større dropane er, jo enklare er dei å skilje frå vatnet, seier Husveg. 

Bilde av Husveg som nå er tilset hos olje- og gassbedrifta Typhonix der han var nærings-ph.d. da han gjennomførte doktorgradsarbeidet ved UiA.

Husveg er nå tilset hos olje- og gassbedrifta Typhonix der han var nærings-ph.d. da han gjennomførte doktorgradsarbeidet ved UiA.

Doktorgradsarbeid i bedrift

Husveg har gjennomført ein nærings-ph.d. der doktorgradsarbeidet er gjort hos ei bedrift. Nærings-ph.d.-ar er finansiert av Noregs forskingsråd. Husveg har vore tilsett hos teknologibedrifta Typhonix på Bryne i Rogaland. Bedrifta er mellom anna spesialister på utstyr til reinsing av produsert vatn frå olje- og gassindustrien. 

Når ein gjennomfører doktorgradsprosjekt i ei bedrift, skal prosjektet ha klar relevans for bedrifta. 

– Typhonix har ein pumpeteknologi som blir brukt til å reinse produsert vatn som ingen andre bedrifter har. Denne teknologien ønskte eg å jobbe vidare med i mitt doktorgradsarbeid. Eg ville sjå på korleis ein kunne optimalisere reinsinga av avfallsvatn ved å kombinere etablerte reinseteknologiar med nye metodar, seier Husveg.

Framgangsmåten er ein algoritme, ein nøyaktig oppskrift på korleis ein skal finne løysing på ei oppgåve.

Effektiviserer med større oljedropar

Å skilje olje frå produsert vatn er eit arbeid ein gjer ved alle oljeanlegg. Den vanlegaste metoden er ved hjelp av ein seperator som skil olje og avfallsstoff frå vatnet. Seperatoren blir kalla ein hydrosyklon. Typhonix har utvikla pumper som mellom anna blir brukte saman med hydrosyklonar. 

– I anlegga som separerer olje og vatn er det nødvendig å ha kontroll på væskestraum og trykk. Ulempa med utstyret som blir brukt til dette i dag, er at det har ein tendens til å bryte opp oljedropane, det vil seie at dei blir mindre. Dette gjer det vanskelegare å skilje olja frå vatnet, seier Husveg. 

Små droper gjer at det tar mykje lengre tid å skilje olja frå vatnet. Målet har difor vore å finne eit driftspunkt som er optimal for hydrosyklonen og pumpa. 

– Pumpene til Typhonix fører oljedropar saman og dannar nye, større oljedropar. Dette blir kalla for koalisering, og forenklar separasjonsprosessen, seier Husveg. 

Både Typhonix og Husveg har tankar omkring miljøaspektet ved dette. 

– Vi vil ha minst mogleg utslepp og følgjer utsleppskrava som styresmakten set. Samstundes ønsker vi ein god reinseprosess slik at vi kan holde oljeproduksjonen lengre. Ved å halde oljefeltet reint og handtere mest mogleg vatn kan ein halde oljefeltet lengre i drift, seier Husveg.

Forskingsarbeidet

Husveg installerte ein testrigg og hydrosyklon saman med pumpa hos Typhonix. Då kunne han studere effektiviteten til skiljeprosessen mellom olja og avfallsvatnet. Han ville ha svar på om separasjonen auka. 

Ved hjelp av algoritmen fann Husveg at størrelsen på dropane aktivt kan bli kontrollert. Når algoritmen er satt i gong arbeider den kontinuerleg med å maksimere effektivteten til pumpa og hydrosyklonen som reinsar avfallsvatnet. 

– Det har vore spennande å finne ut korleis ein kan utnytte denne seperasjonsprosessen optimalt, seier Husveg. 

Første doktorgrad frå utdanninga i mekatronikk

Husveg har gjennomført heile utdanninga si frå bachelor- til doktorgrad i mekatronikk på Universitet i Agder. Han er den første til å fullføre heile utdanningsløpet på Campus Grimstad. 

Han starta først på bachelorutdanning i mekatronikk og fullførte deretter ein mastergrad i mekatronikk. 

– Eg har trivst veldig godt på UiA i Grimstad, og likte godt at mekatronikkutdanninga var så allsidig. Eg har fått god oppfølging av gode undervisarar, og har blitt kjent med mange flinke folk på UiA og i industrien, seier Husveg. 

Husveg arbeider nå hos Typhonix. Der har han ansvar for forsking og formidling av forskingsaktivitet i bedrifta. Han vil halde fram med å utvikle reinseteknikkane i tida framover.