UiAs aller nyaste forskingsgruppe heiter Bærekraftige bygningar og infrastrukturar. Ved å samle fagpersonar innan bærekraftige løysningar i éi gruppe, skal UiA og samarbeidspartnarane sikre samfunnet tilgang til kompetanse på internasjonalt nivå.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Forskingsgruppa blei formelt etablert 12. mars 2015 under eit strategiseminar i Grimstad. Deltakerane var samla i eit døgn for å leggje føringane for gruppas framtidige arbeid.
- Bærekraftige løysningar innan bygg og infrastruktur er heilt naudsynte for å kjempe mot klimautfordringane me ser i dag. No samlar vi høgt kompetente menneske innan dette fagfeltet, slik at vi sikrar samfunnet tilgang på denne enormt viktige kunnskapen, seier gruppas leiar, universitetslektor Arild Olsbu.
På strategiseminaret presenterte kvart medlem av forskingsgruppa dei områda som dei ynskjer å utforske. Det var alt frå smarte anlegg for gjenvinning av drikkevatn og solskjerming, til korleis ein i større grad kan nytte naturleg landskap og tradisjonelle byggemetodar for å skape betre bustadmiljø.
- Den enkelte deltakar skal være aktivt med i utforminga av gruppas forskningsplan gjennom våren. Me skal ha fire møter i løpet av våren, og planen skal vere klar innan 15. juni 2015, seier Olsbu.
Dei fagområda som i dag er definerte, er:
Det vil også vere aktuelt å kombinere fagområda opp mot viktige, breie forskingstema som klimatiske utfordringar og smarte byar (Smart Cities/Smart Villages).
Eit av dei kortsiktige måla for forskingsgruppa er å knytte til seg gode samarbeidspartnarar. Det kan både vere internt på universitetet og eksterne aktørar.
- IKT-miljøet på UiA er nemnt som ein viktig samarbeidspartnar, og kanskje også samfunnsfag på sikt, fortel gruppas leiar.
På strategiseminaret var fleire fagpersonar tilstade for å kome med sine innspel til kva forskingsgruppa bør fokusere på.
- Desse gjestane kjem til å verte viktige bidragsytarar og samarbeidspartnarar framover.
Gjennom forskingsaktiviteten skal også ingeniørstudentane få nyte godt av gruppas kompetanse.
- Vi skal bidra til utdanning av kvalifiserte ingeniørar på både bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Gjennom den forskinga som kjem til å skje i denne gruppa, vil studentane få tilgang til det siste nye innan fagfeltet, seier Olsbu.
Les mer og følg gruppens arbeid på deres nettsider.
Tekst og foto: Øivind Eskedal