FORTHEM - Fostering Outreach within European Regions, Transnational Higher Education and Mobility
Universitetet i Agder vart medlem av den europeiske universitetsalliansen FORTHEM i September 2022.
FORTHEM er ein av 44 europeiske universitetsalliansar finansierte av europakommisjonens Erasmus+ program. Alliansen består av 9 universitet frå 9 ulike land som samarbeider på tvers av landegrensene på utdanning, forsking, innovasjon og samfunnsengasjement.
Gjennom alliansen får studentar, universitetstilsette, bedrifter, skular og andre organisasjonar ei rekkje moglegheiter til internasjonalt samarbeid.