Viss du ikkje har tilgang på kamera eller viss du ønskjer å ta bilete i fotoboks kan dette gjerast i ein av fotoboksane på campus.
I Kristiansand: under trappa opp til D2/B2 i Vrimlehallen.
I Grimstad: rett ved hovudinngangen v/ UiA Hjelp
Du vil få ei stadfesting på studentmailen etter at du har sendt inn bilete via fotoboksen. Har du hatt studentkort tidlegare, sjå punkt under.
Mista studentkort
Mistar du studentkortet ditt, må du betale kr. 100,- for å få eit nytt kort. Du betaler i skranka i UiA Hjelp (sjølvbetjening). Ei kvittering vil bli sendt til kortproduksjon. Nytt kort kan du hente i UiA Hjelp dagen etter.
Om du har øydelagt kortet ditt, får du nytt kort kostnadsfritt, men du må framvise det øydelagde kortet ditt først.
Dersom du har vore student hos oss tidlegare, og teke bilete til studentkort, har det vorte produsert eit studentkort. Viss dette var innanfor dei siste 5 åra, er studentkortet ditt stadig gyldig.
Viss dette er mista tilkjem eit vederlag på kr. 100,- for produksjon av nytt kort. Dersom det er over 5 år sidan gjeld undernemnde punkt.
Utgått studentkort
Studentkortet ditt er gyldig i 5 år. Utløpsdato står på baksida av kortet. Du kan bestilla nytt ved å kontakta oss i skranken v/ UiA Hjelp, eller skriva til hjelp@uia.no
Utskrift og tilgang
Print: Treng du fylle på studentkortet ditt for større printkvote, kan dette gjerast på sjølvbetjeningsmaskinen ved UiA Hjelp.
Utvida adgang: Ved behov til lokale eller rom som gir grunnlag for tilgang, kontakt fakultetet ditt.
Ved gløymd PIN-kode
Dersom du har gløymt tilgangskoden til studentkortet ditt kan du laga ein ny PIN-kode ved å logga inn i fotoboksane på Campus. Det vil ta eit par timar før den nye koden din fungerer.
Kriterium for bilete
Kvit bakgrunn
Ingen solbriller
Ingen hovudplagg (caps, hatt, o.l.)
Klart synlege auge
Lukka munn
Biletet må ha portrettformat
Riktig eksponert bilete må vere fotokvalitet. Ingen bilete eldre enn 6 månader