Du kan velje å trekkje deg under eksamen for å få rett til utsett eksamen på same måte som studentar som stryk. Om du trekkjer deg under eksamen, bruker du eitt av dei tre eksamensforsøka dine i emnet jf. forskrift om studieprogram og eksamen ved UiA § 23. Dersom trekket kjem av sjukdom eller lignande, blir det tilrådd å heller søkje om gyldig fråvær.
Dersom du trekkjer deg frå praksis midt i praksisperioden, må du hugse at talet på forsøk på praksisemne er avgrensa. Det er berre lov å gjennomføre kvar praksisperiode to gonger. Trekk under praksis vil telle som eitt av dei to forsøka.
For å ta utsett eksamen, må du sjølv melde deg opp innan ordinær meldingsfrist (1. februar / 1. september).
Skuleeksamen
Du kan trekkje deg i Inspera etter ein time, men du må gi beskjed til eksamensvakta.
Heimeeksamen og innlevering
Det er mogleg å trekkje seg frå ei innlevering som går føre seg i Inspera ved å bruke valmenyen i prøva. Dersom innleveringa er i Canvas, må du gi beskjed til faglærar.
Munnleg eksamen
Du må møte opp på eksamensdagen og gi beskjed til sensor om at du ønskjer å trekke deg.
Praksis
Dersom du vil trekkje deg frå praksis, må du sende ein e-post til eksamen@uia.no Trekk under praksis vil telle som eitt av dei to forsøka.