Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
• ha kunnskap om skolebiblioteket som lærings- og danningsarena
• ha kunnskap om forsking om skolebibliotek og relevante grunnlagsdokument (lovverk og læreplanar)
• ha kunnskap om barne- og ungdomslitteratur
• ha kunnskap om forsking og relevante problemstillingar i møte med born og unge sin bruk av media
• ha kunnskap om grunnleggjande kunnskapsorganisering
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
• kunne bruke skolebiblioteket i ulike arbeidsformer og metodar i undervisninga
• kunne bruke og vurdere ulike tekster, læremiddel og informasjonskjelder
• kunne administrere og drifte eit skolebibliotek
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
• kunne sjå nye moglegheiter for bruk av skolebiblioteket som ein aktiv del av skolens læringsmiljø
Skolebibliotekkunnskap 1 er delt inn i tre delar:
1. Skolebiblioteket i skolen sitt læringsmiljø (10 studiepoeng)
2. Bibliotekfagleg kunnskap (10 studiepoeng)
3. Litteratur- og mediekunnskap (10 studiepoeng)
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester. To friviljuge fellessamlingar, ei i kvart semester, blir arrangerte i Kristiansand. Det meste av undervisning og rettleiing går føre seg på ei digital læringsplattform. Studentane vil møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer på læringsplattforma, til dømes skjermopptak, video og skriftlege førelesingar.
Praksis: Studenten skal utføre eit praksisarbeid med omfang som tilsvarer om lag éi arbeidsveke. Praksisarbeidet skal dokumenterast i ein rapport som utgjer eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet.
Prosjektoppgåve: Studenten vel prosjektoppgåve i samråd med faglærar. Prosjektoppgåva kan med fordel ha karakter av FoU-arbeid, gjerne ved eigen skole. Prosjektoppgåva utgjer ein del av den avsluttande vurderinga, sjå Eksamen.
Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 800 timar
Det blir gitt éin samanfattande, gradert karakter. Denne karakteren byggjer på følgjande komponentar (vektlegginga er oppgitt i brøk):
Mappeeksamenen har som oftast innleveringsfrist seint i høstsemesteret og prosjektoppgåva seint i vårsemesteret.
2 semester
30
Høst
Kristiansand
Fakultet for humaniora og pedagogikk