Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling
SK-200-1
Inngår i studieprogram
Skolebibliotekkunnskap, bachelorprogram
Skolebibliotekkunnskap 3 - informasjonskompetanse og leseutvikling, påbyggingsstudium
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2, eller tilsvarande.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
ha kunnskap om skolebiblioteket si rolle som lærings- og danningsarena i eit fleirkulturelt og teknologisk samfunn
ha kunnskap om feltet informasjonskompetanse - informasjonssøk, kjeldevurdering, lesing av ulike typar tekstar og bruk av informasjon i eiga kunnskapsdanning
kjenne til nyare forsking om leseutvikling
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
ha grunnleggjande ferdigheiter i søk, vurdering og bruk av informasjon
kunne reflektere over og vise korleis skolebiblioteket kan nyttast i elevane sitt arbeid med å utvikle lesestrategiar
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
kunne formidle vidare kunnskapane sine om ulike typar tekster, leseutvikling og informasjonskompetanse
Innhald
Emnet gir ei innføring i det kunnskapssynet og læringssynet som ligg til grunn for arbeid med bibliotek og informasjonskjelder i skolen. Sentrale tema er biblioteket som læringsarena, skolebiblioteket si rolle i elevane si fag- og allmenndanning, utvikling av informasjonskompetanse og av elevane sine lesestrategiar i arbeid med fagtekster, fiksjonstekster og samansette tekster.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert som eit nettbasert deltidsstudium. Det er éi friviljug fellessamling i Kristiansand. Det meste av undervisning og rettleiing går føre seg på ei digital læringsplattform. Studentane vil møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer på læringsplattforma, til dømes skjermopptak, video og skriftlege førelesingar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
To obligatoriske arbeidskrav. Oversikt over desse vil liggje føre ved semesterstart.
Eksamen
Hjemmeeksamen (48 timar). Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarleg i samråd med studenttillitsvald avgjer evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.