Du er nå på UiAs gamle nettsider. Informasjonen du finner her kan være utdatert.
Generell studiekompetanse.
For å få innpassingsopptak til 3. studieår i bachelorprogrammet må halvårsenhetene Skolebibliotekkunnskap 1 og 2 vere fullførte.
Bachelorprogrammet i skolebibliotekkunnskap gir kunnskapar om skolebiblioteket som ressurs i elevane si fag- og allmenndanning, om informasjonskompetanse og om utvikling av elevane sine lesestrategiar i arbeid med fagtekster og fiksjonstekster.
Studiet er et bachelorprogram med fordjupningseining på 90 sp. Fordjupingsdelen i programmet er eit nettbasert deltidsstudium med samlingar. Examen philosophicum, Examen facultatum, fritt valt emne og breiddeeininga tar ein som ordinære studium ved UiA eller ved ein annan lærestad (krav om godkjenning).
Følgjande emne inngår i ei fordjuping på nivå 1:
SK-100 Skolebibliotekkunnskap 1 (30 sp)
SK-101 Skolebibliotekkunnskap 2 Barne- og ungdomslitteratur (30 sp)
Følgjande emne inngår i ei fordjuping på nivå 2:
SK-200 Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling (15 sp)
SK-201 Skolebibliotekkunnskap 3: Bacheloroppgåve (15 sp)
Breiddeeining/val:
Som breiddeeining vel studentane mellom ei rekke relevante årsstudium og emnegrupper. Ein vel anten årsstudium (60 sp), 2 breiddeeiningar à 30 sp, eller éi breiddeeining på 30 sp og 30 sp fritt valde emne. For studentar som ønskjer å arbeide i skolen, kan det vere nyttig å ta eit skolefag (60 sp) som breiddeeining.
Berekraftskompetanse:
Studieprogrammet gir kompetanse med relevans for følgjande berekraftsmål:
1. sem | SK-100-1 (1/2) Skolebibliotekkunnskap 1 15 sp | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2. sem | SK-100-1 (2/2) Skolebibliotekkunnskap 1 15 sp | |||||||||||||||||||
3. sem | SK-101-1 (1/2) Skolebibliotekkunnskap 2: Barne- og ungdomslitteratur 15 sp | |||||||||||||||||||
4. sem | SK-101-1 (2/2) Skolebibliotekkunnskap 2: Barne- og ungdomslitteratur 15 sp | |||||||||||||||||||
5. sem | SK-200-1 Skolebibliotekkunnskap 3: Informasjonskompetanse og leseutvikling 15 sp | |||||||||||||||||||
6. sem | SK-201-1 Skolebibliotekkunnskap 3: Bacheloroppgåve 15 sp | |||||||||||||||||||
7. sem | Breddeenhet 60 sp | EX-100-1 Examen philosophicum 10 sp | EX-102-1 Examen facultatum humanioravariant 10 sp | |||||||||||||||||
8. sem | ||||||||||||||||||||
9. sem | Fritt valg 10 sp |
Alle variantar av Examen facultatum (EX-102, EX-104, EX-105) blir godkjende, men EX-102 Examen facultatum humanioravariant blir anbefalt.
Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2 går annakvart år, medan Skolebibliotekkunnskap 3 går kvart år. Det er berre fordjupinga i programmet (Skolebibliotekkunnskap 1-3) som er organisert som nettstudium og deltidsstudium. Emna i breiddeeininga og andre emne vil vanlegvis gå på fulltid. I og med at fordjupinga er emne som går på deltid, og ein dermed kan ta andre emne parallelt om ein er fulltidsstudent, vil det variere noko frå student til student kor lang tid det tek å fullføre bachelorprogrammet i skolebibliotekkunnskap.
Kunnskap
Etter fullført studium skal kandidaten
Ferdigheiter
Etter fullført studium skal kandidaten
Generell kompetanse
Etter fullført studium skal kandidaten
Studentane skal òg ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med breiddeeininga dei har valt.
Fordjupingseininga (90 sp) er lagt opp som eit nettbasert deltidsstudium. I tillegg vil det bli arrangert samlingar. Det er lagt vekt på at studentane skal møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer gjennom bachelorprogrammet, slik som skriftleg førelesing og rettleiing, skjermopptak i undervisning og rettleiing, videoførelesingar, webinar, og anna.
Eit praksisarbeid inngår i Skolebibliotekkunnskap 1. Det har omfang tilsvarande ei arbeidsveke.
I bachelorprogrammet kan det leggjast til rette for å studere ved ein av universitetet sine samarbeidsinstitusjonar i utlandet, jf. universitetet sine nettsider om moglegheiter for utveksling. Utanlandsopphaldet bør ein ta i tilknyting til dei valfrie emna.
I alle emna er det innslag av internasjonal pensumlitteratur, mest nordisk i Skolebibliotekkunnskap 1 og 2, og mest amerikansk i Skolebibliotekkunnskap 3. Særleg Sverige og USA er føregangsland på dette fagfeltet, og blir trekte inn også i eksempelstoff i undervisninga.
Undervisningsspråket er norsk.
Studiet gir god bakgrunn for arbeid med bibliotek, litteratur og informasjonskjelder i grunnskole og vidaregåande opplæring, og vidare for arbeid med formidling og pedagogisk tilrettelegging i folkebibliotek.
Studieprogrammet er godkjent som grunnlag for opptak på masterprogram i bibliotek- og informasjonsvitskap på OsloMet og masterprogram i medie- og dokumentasjonsvitskap på Universitetet i Tromsø.
180
Deltid
Kristiansand
Fakultet for humaniora og pedagogikk